Fagdag: Grøfting og optimal jord for grønsaksdyrking


NLR Vest SA
Dato: 24. september 2020

Klokka: 09:00 - 16:30

Pris: 350

Stad: Fana, Fana

Om kurset/påmelding:

Det er både auka interesse og behov for meir grønsaker for sal til lokalmatmarknaden i Vestland fylke, men det er stor variasjon i kor eigna jorda er til å dyrke grønsaker på. Lokalklimaet, helling og jordsmonnet er grunnlaget for val av produksjon, og på denne fagdagen er det jordsmonn og drenering ein vil lære meir om.
God drenering er ein av dei viktigaste tiltaka for å legge tilrette for vellukka grønsaksdyrking. Det er også skilnad på kva for jordsmonn som er mest optimal for grønsaksdyrking. I tillegg til planlegging og vedlikehald av grøfter, vil ein på fagdagen vil gå igjennom kva for jordtypar du bør ha for å starte med grønsaksdyrking, og utfordringar ein kan møte med å dyrke grønsaker i myrjord. Ein vil også sjå på kva for jordtypar som har god nytte av kompost og andre tiltak for jordforbetring*. Fagdagen vil óg passe for deg som vil etablere ein frukt-og bærproduksjon.

Påmelding: Frist 15. SEPTEMBER. Pris 350,- (inkl. lunsj).
*For deg som er interessert i jordbiologi og kompost blir det kompost- og grønsaksdag på Sogn-Jord og hagebruksskule i Aurland måndag den 31. august.

Meld deg på her