Fyrstehjelpskurs -tilpassa landbruket


NLR Vest SA
Dato: 28. september 2018

Klokka: 15:00

Pris:

Stad: Sjusetevegen 27, Øystese

Om kurset/påmelding:

Kurset tek føre seg:

Fyrstehjelp-sjølvhjelp-førebygging

-Sikring av skadestad
-Hjarte- og lungeredning
-Sirkulasjonssvikt
-Handtering av sår og kuttskader
-Praktiske øvingar

Kurset er etter mal frå Norsk Førstehjelpsråd, og legg vekt på dei grunnleggande fyrstehjelpsprinsippa. Kurset er retta spesielt inn mot landbruket;  korleis få til fyrstehjelp når ein jobbar åleine, kva kan du sjølv gjere med eigne skader,  korleis sikre skadestad i ein binge med storfe, korleis handtere fare for gass eller oksygenmangel? Landbruket er ei utsett næring med relativt mange alvorlege skader, difor er og aktiv førebygging ein del av kurset.

Har du gått kurs før? Hugs at fyrstehjelp er ferskvare og skal ytast i ein kritisk situasjon – Din innsats kan redde liv!

Kurset er delfinansiert av Hordaland Fylkeskommune

Påmelding