Grunnkurs jus og sider


SJH
Dato: 12. november - 14. november 2018

Klokka: Heile dagen

Pris: 3800

Stad: Apalvegen, Ulvik, 5730

Om kurset/påmelding:

Grunnkurs jus og sider, Ulvik 12.-14. nov 2018

 

Kurset gir gjennomgang av råvarer, kvalitet og prosessar for pressing med praktisk pressing. Kurset innleier med grunnprinsipp, definisjonar, metodar og historie. Tradisjon er viktig, men marknaden gir oss moglegheiter til å strekke produksjonen vår – sideren kan inngå som ei råvare, innretta mot massen eller som den mest ekslusive drikke. Det vert gjennomgang av sortar, blandingar, mogningsgrad på eple/frukta, samt handtering av jusen før gjæringa. Vi ser på gjæring; spontan eller styrt prosess. Og Målingar i fyrste del av gjæringsprosessen. Val av utstyr og sjølvsakt regelverk for tilvirking og avgifter på drikkevarer, lagerstyringsprinsipper.

 

Grunnkurs sider - dette er første del og hovuddelen av kurset som får ei oppfyljingssamling til våren ved sluttføring av fermentering, tapping og avsluttande tema. Det er også moglegheit til å få oppfyljing mellom samlingane. 
 
Sider auka intresse
 
Fleire faktorar aukar interessa for siderproduksjon. Tursitstraumen til fjordane gir kundegrunnlag, elpe har vi og kan produsere meir. Restaurantar treng norsk drikke av god kvalitet. Vi treng breidde og ambasadørar. Og ikkje minst er det ei sanseoppleving å komme til ein tilverkingsstad for sider og fruktvin. Program grunnkurs jus og sider 12 til 14 nov 2018 UlvikDeltakaravgifta er inkl. lunsj og måltid utanom frukost.
Overnatting må ein ordne sjølv  - enten hjå Hjeltnes, eller akøtrane i Ulvik. Vi formidlar – send epost til:

Spørsmål kan rettast til kursleiar: Eivind Vangdal epost: eivind.vangdal@kvamnet.no
og dagleg leiar Kompetansenettverk Lokalmat Vest:  aud.slettehaug@sfj.no tlf. 47375739

Påmelding og betaling via:

https://www.deltager.no/grunnkurssider