Kjernefruktkurs med Aad Wisse, Sogn


NLR Vest SA
Dato: 30. januar 2019

Klokka: Heile dagen

Pris:

Stad: Njøs, Leikanger

Om kurset/påmelding:

Program for skjeredag med Aad Wisse i Sogn onsdag 30.januar 2019
Endre Bjotveit frå NLR Vest er med som tolk.

Pære program: først og fremst Celina av ulik årgang
Kl 9.00 Gunnar Hamre – parker v/ Sognefrukt
Celina m/Anna planta i 2015 og Conference (2017). Skore tilbake våren 2016.
Kl 10.00 Ivar Henjum – parker i tunet
Celina m/Anna til bestøving, begge planta i 2014.
Kl 11.00 Njøs Næringsutvikling – parker i tunet på Njøs.
Celina m/Anna i ulike formingssystem planta i 2014.

Kl 12-12.45 LUNSJPAUSE. Kvar og ein ordnar seg med mat (ein kan evt. eta matpakke i
kantina på Njøs) eller ein kjøper seg mat t.d. på Fjordkroa

Eple program: Me ser på ulike sortar og plantingar av ulik alder
Kl 13.00 Ivar Slinde – parker evt. ein del bilar v/Slindesenteret og køyr i lag opp i tunet.
Discovery av ulike aldrar; planta i 2005-2012-2015-2018
Kl 14.00 Lars Eskestrand – parker v/Slindesenteret.
Summerred planta i 2015-2016-2018 og Raud Gravenstein planta i 2015-2016
+ evt. nyplanta (2018) Raud Aroma hjå nabo Geir Helge Slinde om ynskjeleg.
Kl 15.00 Helge Fimreite – parker ved garasjen i svingen over hovudvegen eller under
hovudvegen i tunet hjå Cecilie og Agnar Nornes
Raud Gravenstein og Summerred planta i 2014-2015 og Raud Aroma planta i
2011.
16.00 Slutt

Møt opp der det høver best og hugs varme klede/sko!
Deltakaravgift kr 500 /750 per bruk per kultur (pære og/eller eple) for
høvesvis medlem/ikkje medlem i NLR. Deltakarliste blir sendt rundt.

Ta kontakt med Marianne Bøthun (marianne.bothun@nlr.no) om du har spørsmål.