Kjernefruktkurs med Aad Wisse, Hardanger


NLR Vest SA
Dato: 29. januar 2019

Klokka: Heile dagen

Pris:

Stad: Opedal, Lofthus

Om kurset/påmelding:

Kurs i intensiv kjernefruktproduksjon 2019 – Vintersamling

Det nærmar seg eit nytt besøk frå Aad Wisse, og denne gongen har me endra litt på opplegget.  Det vert berre praksis ute tysdag 29. januar, og for å spara tid på transport vert me på austsida heile dagen før me reiser vidare til Sogn.

Etter oppmoding frå Aad har me også sett opp litt meir om kva plantingar me vil sjå på, så det er mogeleg å møta på det ein synest er mest interessant.  Me vil prøva å setja av tid til at alle kan få skjera, så ta med utstyr denne gongen!

Tysdag 29. januar:

Oppmøte hjå Harald Alvavoll/Knut Opedal i Opedal kl. 9.00 (Opedalsvegen 39)

Harald og naboen Knut Opedal har mange plantingar med aktuelle sortar og aldrar konsentrert i området.  Me ser litt på heilt unge plantingar, og ein del på korleis ein skal takla balansen mellom vekst og avling i ca. 3-5 år gamle plantingar som har fyllt plassen.  Me byrjar hjå Harald.

Raud Aroma-M9, planta 2013

Raud Gravenstein-M9, planta 2012

 

Elstar, Discovery, Summerred-M9, planta 2018. Gjødselvatning.

 

Summerred-M9, planta 2016. Gjødselvatning.

 

Discovery-B9 og Raud Aroma-M9, planta 2016.

Raud Gravenstein-M9, planta 2014

 

Forflytning til Torstein og Lieselotte Opedal/Magnus Opedal kl. 11.15 (Opedalsvegen 38)

Skjering i eldre tettplantingar for å oppretthalda vitalitet og produksjon.

Discovery-B9, planta 2005

Raud Aroma-M9, planta 2003-2011.

 

Lunsjpause 12.00 – 12.30, alle ordnar seg sjølv

 

Oppmøte hjå NIBIO Ullensvang kl. 12.30 (Ullensvangvegen 1005)

Pæreøkt.  Skjering og plantesystem i Celina.

 

Oppmøte hjå Asbjørn Lutro på Urheim kl. 13.30 (Ullensvangvegen 342)

Etablerte Summered-plantingar.  Fornying og balanse mellom vekst og produksjon

 

Summerred-M9, planta 2007 og 2013.

 

Oppmøte hjå Leif Olav Lutro på Instanes kl. 15.00

Svært fin ung Summerred-planting i god vekst

 

Summerred-M9, planta 2016, gjødselvatning.

 

Avslutning ca. 15.30

NB!  Atterhald om at det kan verta litt tidlegare avslutning avhengig av ver og føre.

 

Sjekk vermelding og ta med høvelege klede!

 Ta kontakt med Endre Bjotveit (endre.bjotveit@nlr.no) om du har spørsmål.