Kompetanseprogram for hold og slakt av fjørfe


NLR Vest SA
Dato: 28. august - 29. august 2018

Klokka: 08:00 - 17:00

Pris: 4500 (medlemspris)

Stad: Bjørkheim Kro og Motell, Samnanger, Hordaland, 5652

Om kurset/påmelding:

Kurset er godkjent etter Forskrift om særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse (animaliehygieneforskriften) kapittel III, og gir kompetanse til  «direkte levering av små mengder kjøtt fra fjørfe (…) slaktet på driftsenheten, til sluttforbruker eller til lokale detaljister som leverer dette som ferskt kjøtt direkte til sluttforbruker i henhold til forordning (EF) nr. 853/2004 artikkel 1 nr. 4, jf. nr. 3 bokstav d.»

Kurset gir altså kompetanse til å slakte og selje fjørfe frå eigen gard, dersom du har godkjende lokale for avliving og slakting.

Du må oppgje kva dyreslag du ønskjer å bli eksaminert i ved påmelding.
Du som ønskjer å starte med noko anna enn høns/slaktekylling vil få tilsendt materiale du må lese gjennom før kursstart. Deltaking krev tilgang til PC og eigeninnsats på 4-8 timer før kurset. Tilgang til nettbasert del vil bli gitt ved bekrefta plass på kurset. Dag nr. 2 vert avslutta med skriftleg eksamen.

NLR Vest sine medlemar frå Hordaland vert prioriterte, men det er framleis mange ledige plassar. Dersom nokon ikkje får plass på dette kurset, vert liste sendt til Animalia, slik at dei vert varsla når Animalia set opp kurs i Oslo (dato er ikkje bestemt).

Det er og mogleg å setje seg på venteliste for kurs ved å klikke på alternativ «Oslo» i påmeldingsskjemaet. Dato for kurs i Oslo vert bestemt når dei har nok interesserte.

Klikk her for meir info, program og påmelding