Kurs i lokal foredling av mjølk, del 1


SJH
Dato: 2. februar - 9. februar 2020

Klokka: Heile dagen

Pris: 8800 kr

Stad: Skulevegen 24, Aurland, 5745

Om kurset/påmelding:

Velkommen til kurs i lokal foredling av mjølk, del 1

2.–9. februar 2020 på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland!

Lærarar er Pascale Baudonnel, Ragnhild Nordbø og Maria Ballhaus (Maria kjem inn i programmet seinare, det som ligg ute no er førebels) som alle har solid kompetanse og lang erfaring med ysting og undervising.

Du bør ha teke innføringskurset i ysting eller ha tilsvarande erfaring for å vere med. Ta kontakt om du er usikker!

Pensum på kurset er Ysteboka av Maria Ballhaus og Ragnhild Nordbø. Om du ikkje har boka frå før, kan du kjøpe ho i gardsbutikken på SJH når du kjem eller i forkant via Fagbokforlagets nettbutikk her. Les meir om boka her.

Pris: 8800 kr inkl. servering.

Overnatting kjem i tillegg, og du må finne dette og bestille sjølv ved hjelp av t.d. www.booking.com eller www.airbnb.com.

Spørsmål? Ta kontakt på 57 63 71 00 eller paamelding.sjh@sfj.no

Påmelding til kurset gjer du her   Frist for påmelding: 5. januar 2020

Avmelding etter 19. januar belastast med 50 % av kursavgiften.

Førebels program:
Program kurs i mjølkeforedling 2. februar til 9. februar 2020