Næringssamlingar for unge/nye bønder


HordalandBondelag
Dato: 22. januar - 5. februar 2013

Klokka: 19:30 - 22:00

Pris: 300,-/person (inkluderer begge samlingane)

Stad: Holmane 20 , Øystese , Kvam herad

Om kurset/påmelding:

Strandebarm og Tørevikbygd Bondelag, Vikøy og Øystese Bondelag og Landbrukstunet  Kompetanse inviterer unge og nye brukarar til to fagsamlingar om næringsretta gardsdrift.

Grovfôrproduksjon, driftsøkonomi, næringsutvikling og HMS er hovudtema:

Tysdag 22. januar 2013
-
Mykje og godt grovfôr er nøkkelen til lønsam drift,
v/Lise Austrheim, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.
- Dine val påverkar driftsøkonomien på garden. Korleis gjere dei rette vala?
v/ Bart van Gool, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.

Tysdag 5. februar:
- Næringsutvikling på garden: Kva ressursar har eg, og kva vil eg?
v./ Liv Lyngstad, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.
- Det er di helse; garden som trygg arbeidsplass, v/ Charlotte Joys,
Landbrukets HMS-tjeneste.

Tid og stad: Holmatun i Øystese (begge samlingane)
Begge samlingane varer frå kl 19.30 til  kl. 22.00.

Samlingane er for  «unge» og nye brukar i landbruket; heiltidsbrukarar og
og deltidsbrukarar, sauebønder og mjølkebønder, Inn på Tunet-bønder, …….; ja, for alle produksjonar.

Hugs at «unge» og «nye» brukarar er flytande omgrep, så de med ein del  års fartstid er også hjarteleg velkomne!
Kunnskap er like viktig for alle, uansett ståstad. Føremålet er å gje gode råd for ei god og kunnskapsretta gardsdrift.

Påmelding
til Tore Henrik Øye, tlf 55918885, E-post: tore.henrik.oye@bondelaget.no innan fredag 18. januar

Vel møtt!