Praktisk kurs i foredling frukt og bær


SJH
Dato: 9. mars - 10. mars 2018

Klokka: 12:00

Pris: 1600

Stad: Kroken, Luster

Om kurset/påmelding:

Kurset vert arrangert i lokala til Kroken Frukt og Bær i Kroken i Luster.

På kurset får ein praktisk øving i bruk av utstyr, teknikkar for pakking/fylling. Vi går gjennom regelverket for avgifter på drikkevareemballasje. Merking og lovverk generelt både for konvensjonelt og økologisk.

Innhald:

- praktisk pressing, pasteurisering, og tapping av jus og saft.

- koking av syltetøy i praksis

- hygiene og flyt i produksjonen

- bruk av pektin og tilsettingar eller ikkje, både konvensjonelt og økologisk

Anne Lise Haukadal har lang erfaring med å drive variert med saft og syltetøy både dyrka bær og plukking vilt. Ho leverer til butikk og sel direkte. Avgifter høyrer med til denne produksjonen slik at kursdeltakarane får innsyn i lagerstyringa og korleis ein kan gjere dette i ein nedskalert og manuell måte.

Påmelding til: paamelding.sjh@sfj.no

Overnatting kjem i tillegg til kursavgifta, det er ordna på Skjolden og de tingar det med Anne Lise Haukadal: tlf. 97167262

Kursavgift kr. 1600,- inkl. alle måltid.

Ferje frå Solvorn fredag kl. 11.00, Laurdag må ein køyre over Skjolden for retur.

Kursstart Fredag kl. 12.00 og avsluttar lørdag kl. 16.30 (evt. 15.00 for dei som må komme seg over fjellet).