Strategisk nærings- og produksjonsutvikling (SNOP 2018)


NLR Vest SA
Dato: 15. oktober - 16. oktober 2018

Klokka: 09:30 - 15:30

Pris:

Stad: Kvernhusmyrane 41, Isdalstø, Hordaland, 5914, Lindås Kommune

Om kurset/påmelding:

I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge, hjelper rådgjevarar frå NLR Vest SA deg gjennom utviklingsprosessen på garden din.

Anten du skal overta gard, ynskjer å utvida eksisterande drift, starta ny næring innanfor tradisjonelt landbruk eller ei attåtnæring på garden, hjelper me deg å utvikla ein komplett forretningsplan.

Dette får du:

•Komplett forretningsplan
•Driftsplan
•Kursbevis
•God oppfølging under og etter kurset
•Utvida nettverk

Uansett kva planar og draumar du har for landbruksbedrifta di: start planlegginga på SNOP 2018 saman med 11 andre bønder som vil utvikla bedrifta si.

For deg som vurderar å starte opp med Inn på tunet, er dette tida for å gjera det. I 2020 vert det innført ein plan som gir kommunene lovfesta plikt til å tilby eit tilrettelagt dagaktivitetstilbod for personer med demens (Demensplan 2020). Sjølv om det vert tilrettelagt for dette på mange sjukeheimar, er Inn på tunet eit alternativ kommunane kan vurdera for å sikra mangfald i tilbod og individuell tilrettelegging for personar med demens.

Les meir her