Tveit Regnskap: Eigarskifte på landbrukseigedom


HordalandBondelag
Dato: 30. oktober 2018

Klokka: 18:30 - 22:00

Pris: Gratis

Stad: Kokstadflaten 36, Kokstad, 5257

Om kurset/påmelding:

Tveit Regnskap inviterer til eigarskiftekurs på landbrukseigedom.

Dette kurset passar for dei som planleggjar eller står ovanfor familieeigarskiftet av landbrukseigedom og går inn på tema som tidsperspektiv, mellommenneskelege forhold, verdiar, økonomi og sjølve prosessen. Sidan dette kurset vert avhalde i sentrale strøk, vil føredragshaldaren kome inn på temaet om korleis bonden kan best mogleg posisjonere seg med tanke på anna arealbruk.

Hordaland Bondelag stiller på kurset og vil vere tilgjengeleg for spørsmål undervegs i møtet.

Tveit stiller også med ein eigen stand der me informerer om digitale rekneskapsløysningar. Her vil du kunne stille spørsmål om ting du lurar på og også sjå korleis desse løysningane funkar i praksis. Standen vil vere tilgjengeleg 15. minuttar før kursstart.

Kurset er gratis, men krevjar påmelding. Lenke til påmelding
Påmeldingsfrist fredag 26. oktober.

Det blir enkel servering i løpet av kurset.

Vel møtt!

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Arve Levåg
tlf: 98851680
arve.mork.levag@tveit.no