Vil du bli godkjend «Inn på tunet» bonde? Kurset «Inn på tunet – kvalitet og trygghet» hjelper deg!


NLR Vest SA
Dato: 14. mars - 15. mars 2019

Klokka: 00:00

Pris:

Stad: Bjørkheim Kro og Motell, Samnanger, Hordaland, 5652

Om kurset/påmelding:

Vil du bli godkjend «Inn på tunet» bonde?
Kurset «Inn på tunet – kvalitet og trygghet» hjelper deg!

Lurer du på korleis du skal kome i gong? Er du i gong, men har gått deg fast i jungelen av krav og dokumentasjon? Då er dette kurset det rette for deg!

Stad: Hordaland, Bjørkheim Kro og Motell

Tid: 14. og 15. mars 2019,
oppstart 14.mars kl 10.00 til 15.mars kl 15.30

Kurset er konkret og målretta, du arbeider med ditt eige kvalitetssystem med mål om å vere klar til søknad om godkjenning etter kurset. I tillegg drøftar vi etiske problemstillingar og ser på avtaleverk for IPT.

Meld deg på HER

INNHALD:

•Opplæring og innføring i Matmerk-KSL sitt kvalitetssystem for Inn på tunet.
•Systematisk gjennomgang av standard 11, IPT, og forslag til avtaler
•Grunnleggande opplæring i systematisk HMS-arbeid. (std 2 KSL)
•Konkret jobbing med mål, innhald, risikovurderingar og beredskap i eige tilbod.
•Sikre for tilbydar, brukar og kjøpar, at kvalitet og tryggleik på garden er ivaretatt på best mogleg måte i tilbodet.

MÅL:

•Få god kjennskap til alle delane i kvalitetssystemet for Inn på tunet, og samanhengen mellom desse.
•Etablere eige system, gjennomføre eigenrevisjon, handtere avvik, risikovurdere og utarbeide tiltaksplan på bakgrunn av IPT krav frå KSL.
•Få god forståing av etiske og moralske utfordringar ved eige tilbod.
•Vere klar til revisjon og søknad om godkjenning IPT/KSL etter kurset.

«Inn På Tunet» er eit verna varemerke og kan kun brukast av godkjende gardar.

•Kurset dekkar krav i AML §3.5 om «dokumentert HMS-kunnskap» for IPT-verksemda.
•Etter kurset får du tilbod om oppfølgande besøk av HMS-rådgjevar til medlemspris.

Kurspris: 4000,- medlemar i NLR 2800,- med HMS avtale 2500,-
Frist: 01.03.2019