Ystekurs – inspirasjon til lokal foredling av mjølk


FylkesmannenVestland
Dato: 9. april 2019

Klokka: 10:00 - 16:30

Pris: kr 495,-

Stad: Sandplassen 1, Nordfjordeid, 6770

Om kurset/påmelding:

Verdas beste ost, Fanaosten, laga av Ostegården.

Marknaden etterspør fleire ostar og produkt av mjølk. Vi inviterer til to inspirasjons- og fagdagar i april der de får ei innføring i kva mogelegheiter som ligg i foredling av eiga mjølk.

Handtverksost er etterspurt, dei som startar lukkast og det er plass til fleire produsentar. Den gode kvaliteten på den norske mjølka er noko av årsaka til gode resultat i tevlingar. Jørn på Ostegården mønstra Fanaosten i 2017 og fekk bronse, i 2018 heldt det til supergull og verdas beste ost.

Kom og høyr på korleis dette gjekk til. Jørn Hafslund si ferd frå ide til verdas beste ost. Vi gir deg tips og råd for deg som lurer på å foredle di eiga mjølk eller som har lyst å starte ysteri.  Ta det første steget med oss på samling i Førde eller Eid.

Sjå omtale av kurs, sjå program og bilder.

Målgruppe:            Mjølkebønder
Instruktørar:         Aud Slettehaug, Jørn Hafslund, Anne Karin Hatling
Kurslengde:           1 dag
Deltakartal:            30
Påmelding:            MELD DEG PÅ
Påmeldingsfrist:   1. april 2019
Stad:                       Nordfjord Hotell, Sandplassen 1
Arrangør:               Fylkesmannen i Vestland
Kursansvarleg:      Marit Hjortung, mob. 90619592, marit.hjortung@fylkesmannen.no

Samarbeidspartar:
Kompetansenavet Lokalmat Vest, Sogn og Fjordane Bondelag,
Norges Bonde- og Småbrukarlag.