BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv6.5.6//EN
X-ORIGINAL-URL:https://landbrukskurs.no/
X-WR-CALNAME:Landbrukskurs.no
X-WR-CALDESC:Korte kurs i landbruket
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-3ad7c2ebb96fcba7cda0cf54a2e802f5@landbrukskurs.no
DTSTART:20221124T160000Z
DTEND:20221124T190000Z
DTSTAMP:20220919T090900Z
CREATED:20220919
LAST-MODIFIED:20220921
PRIORITY:5
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:SNOP – Praktisk budsjettarbeid
DESCRIPTION:\nFå hjelp til å lage forretningsplan!\nDet er du som ber på draumen! For at forretningsplanen din skal finne vegen til papiret, er det du sjølv som må setje ord på draumen din. Men vi kan hjelpe deg å setje den inn i ordna former slik at du kan formidle den på best mogleg måte, for at andre skal forstå deg rett.\n«Kven er desse «andre» som skal lese forretningsplanen min?», lurer du kanskje på… Forretningsplanen er jo mest til eige bruk, eit styringsdokument som hjelper deg å halde stø kurs mot målet. Men det er og eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisere dei. Dersom det inngår investeringar i bygg eller maskiner i planane dine, treng du kanskje tilskot og lån for å kunne realisere dei. Då vil gjerne saksbehandlar i Innovasjon Norge, kommune og bank lese forretningsplanen din. Ein forretningsplan styrkjer moglegheitene dine når du skal:\n\nSøkje byggjeløyve\nFå lån til investeringar\nSøkje tilskot\nOppnå suksess\n\nSNOP-kurs er ein rådgjevingsmetode der vi hjelper deg å utvikle ei næring på garden din, og optimalisere økonomien i denne, ved å lage ein komplett forretningsplan. Forretningsplanen er ei samling av dei opplysningane du treng for å vite kva du skal bruke tida, kreftene og pengane dine på, i utviklingfase og drift. Innovasjon Norge, og andre instansar, spør etter desse opplysningane dersom du søkjer tilskot og lån til investering i tilleggsnæring, sjølv om dei kanskje ikkje kallar det forretningsplan lengre.\nI åra 2012 til 2019 var SNOP-kurset eit årleg kurs som gjekk over 12 heile kursdagar, delvis finansiert av Statsforvaltaren og Hordaland Fylkeskommune. I 2020 fekk vi ikkje lengre finansiering frå det offentlege. Då valde vi å gjere kurset 100 % digitalt, for at kurset skulle bli billegare for bøndene å delta på. I 2021 vart det ikkje SNOP-kurs, då vi på grunn av Covid-19 måtte prioritere andre arbeidsoppgåver.\nNo vert det nytt SNOP-kurs!\nInnhald i SNOP 2022:\nDel 1: Ressursanalyse (video)\nDel 2: Visjon og forretningside (video)\nDel 3: Forretningsmodell (webinar/Teams)\n\nBusiness Model Canvas\nVegen frå nosituasjon til ønskt situasjon\n\nDel 4: Målsetting (video)\nDel 5: Handlingsplanar (video)\nDel 6: Økonomi og budsjett (Webinar/Teams)\n\nGrunnleggjande foretaksøkonomi\nPraktisk budsjettarbeid\n\nOppfølging, driftsplan og personleg oppfølging i samband med forretningsplan og søknader er ikkje inkludert i kurset, men vert tilbydd til timepris.\nLes om eit tidlegare SNOP-kurs i Bondevennen ( http://www.bondevennen.no/aktuelt/snop-i-hordaland/ )\n\n\nHer er det du kan velje i:\nHeile kurset\nDå får du tilsendt lenker til videoførelesingane, og får vere med på dei fire kursdagane om forretningsmodell og økonomi, som vist under.\nPris: kr 3900 (medlem)/kr 5800 (andre)\nMeld deg på heile kurset her ( https://online3.superoffice.com/Cust26758/CS/scripts/customer.fcgi?action=formFrame&formId=F-sF7HpQkO )\nBerre del 3 (forretningsmodell)\nTo kursdagar på Teams\n\n3. november kl. 17:00-20:00: Vegen frå nosituasjon til ønskt situasjon\n10. november kl. 17:00-20:00: Business Model Canvas v/rådgjevar frå Innovasjon Norge\n\nPris: kr 2000 (medlem)/kr 3000 (andre)\nMeld deg på berre forretningsmodelldelen her ( https://online3.superoffice.com/Cust26758/CS/scripts/customer.fcgi?action=formFrame&formId=F-xKCjKYrm )\nBerre del 6 (økonomi)\n\n17. november kl. 17:00-20:00: Grunnleggjande foretaksøkonomi\n24. november kl. 17:00-20:00: Praktisk budsjettarbeid\n\nPris: kr 2000 (medlem)/kr 3000 (andre)\nMeld deg på berre økonomidelen her ( https://online3.superoffice.com/Cust26758/CS/scripts/customer.fcgi?action=formFrame&formId=F-TcaAdARQ )\n\n
URL:https://landbrukskurs.no/kurs/snop-praktisk-budsjettarbeid/
CATEGORIES:Bedriftsleiing, økonomi og administrasjon,Hagebruk,Husdyr,Inn på Tunet,Jordbruk,Lokalmat, foredling og næringsmiddel,Næringsutvikling, entreprenørskap og reiseliv
LOCATION:Nettbasert
ATTACH;FMTTYPE=image/jpeg:https://landbrukskurs.no/wp-content/uploads/2022/09/NLR_logo_farger_rund-34.jpg
END:VEVENT
END:VCALENDAR
