BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv6.5.6//EN
X-ORIGINAL-URL:https://landbrukskurs.no/
X-WR-CALNAME:Landbrukskurs.no
X-WR-CALDESC:Korte kurs i landbruket
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-dc912a253d1e9ba40e2c597ed2376640@landbrukskurs.no
DTSTART:20221102T000000Z
DTEND:20221105T000000Z
DTSTAMP:20221017T000000Z
CREATED:20221017
LAST-MODIFIED:20221017
PRIORITY:5
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Grunnkurs siderproduksjon
DESCRIPTION:Ulvik 2. – 4. november 2022\nPÅMELDING HER ( https://www.deltager.no/event/395815#init )\nINNHALD:\nMe går gjennom dei grunnleggjande definisjonane og historia til sideren, og deretter omtale av aktuelle eplesortar og moglege smakstilsetjingar. Innlegga omhandlar m.a. kva eigenskapar dei ulike eplesortane har som råstoff for sider, og korleis kvaliteten hjå epla (haustetid og mogningsgrad) påverkar det ferdige produktet. Mykje sider er tilsett smak frå andre frukter, bær eller urter, og me ser på korleis dette vert gjort.\nI Norge er det kommersiell produksjon av både spontant gjæra sider og sider laga med tilsett kjend gjærkultur. Ein viktig del av kurset er korleis ein kan fylgja og styra gjæringa slik at ein får det produktet ein ynskjer; med høveleg mengde restsukker og god balanse mellom sødme og syre. Det kan vera ein moderne ljos sider eller ein meir tradisjonell tyngre sider. \nI samband med middagsmåltida vert det sidersmaking av ulike sidertypar, og drøfting av kva som høver til ulike typar mat. På sideria får me orientering om lokale og aktuelt utstyr for mindre og større produksjon. Det er ein eigen bolk om lover, reglar og avgifter som ein må ta omsyn til for å kunna produsera, skjenkja og selja alkoholhaldig drikke. Som avslutning vert det innlegg om sidertypar og marknader, og korleis ein kan få hjelp på vegen vidare frå Kompetansenettverket for Lokalmat og andre næringsutviklingsprogram på dette feltet.\nOPPLEGG:\nKurset inneheld både innlegg i møterom, vitjingar på sideri og sidersmaking m.a. i samband med måltid. Kurset er lagt til Brakanes hotell/Konferansesenteret, Siderruta i Ulvik og avsluttar med vitjing av sideri i Sørfjorden.\nMÅLET MED KURSET:\nDeltakarane får ei innføring i produksjon av jus og sider med gjennomgang av dei viktigaste stega i produksjonen, regelverket som gjeld og kva som krevst for å oppnå drikke av god kvalitet.\nMÅLGRUPPE: \nLokalmatprodusentar innan frukt- og drikkeproduksjon med mindre enn 10 årsverk. Det er ein fordel med noko erfaring med frukt og fruktbaserte produkt.\nKURSMATRIELL:\n“Siderboka – frå frukthagen til ferdig produkt på flaske”, bestiller du her hjå Siderlandet.no som trykt bok eller e-bok. Den inneheld mykje av stoffet frå kurset. Boka kan også kjøpast på kurset (fraktfritt). Det vil og verta presentert annan litteratur, og presentasjonar vert sendt ut (som pdf-filer) dersom det er ynskje om det.\n \nPROGRAM:\nOnsdag 2. november:\n(Innsjekk på hotellet frå kl. 15.00 / kurset onsdag er lagt til Syse Gard)\nOppmøte på Syse kl. 16.45. Sider, kaffi og kaker\n17.00 Presentasjon av kurset og deltakarane\n17.30 Syse gard – driftsopplegget, omvising med vekt på siderproduksjonen\n19.00 Kva er sider; historie, tradisjonar og definisjonar. Smaking av sidertypar\n20.00 Kveldsmat hos Syse – korv, poteter og sider. Tradisjonssider og issider\n(Avsluttar til 22.00)\nTorsdag 3. november:\n(Undervisning på Brakanes / vitjing på sideri)\n08.30 Korleis laga sider – om råvarer til sider\n10.00 Regelverk, løyve og rapportering av avgifter m.m. når ein produserer alkoholhaldige drikkevarer\n12.00 Lunsj\n12.45 Regelverk m.m. held fram til kl 13.45.\n14.00 Vitjing av Ulvik FruktCideri og Hardanger Saft og Siderfabrikk. Utstyr og produksjon\n15.30 Korleis laga sider – om gjæringa\n(pause frå kl 17 / avreise til Lekve kl 18.45) \n19.00 Sidertypar og sidersmaking\n20.00 Middag med sider til og etter maten\n(Avslutning kl 22)\n Fredag 4. november:\n(Undervisning på Brakanes fram til lunsj)\n08.30 Korleis laga sider – lokale, utstyr m.m.\n09.30 Sidertypar og marknader. Opplegg på Ciderhuset/Balholm\n11.00 Vegen vidare: Kompetansenettverket for Lokalmat, produsentsamarbeid, korleis henta kunnskap heime og internasjonalt\n(lunsj kl 12)\n12.45 Vitja sideri på Austsida(?) av Sørfjorden\n(kurset slutt kl 17.00)  \nKursavgift kr. 3 400,-  per pers. inkluderer alle måltid og smakingar. \nOvernatting bookar ein sjølv på Brakanes hotel eller hos andre aktørar i Ulvik.\nPris per natt Kr 1800,00 for enkelt rom med fjord utsikt, Kr 2300,00 for dobbelt rom med fjordutsikt.\nFor spørsmål om kurset kontakt: \nEivind Vangdal tlf. 906 28 035\nAud Slettehaug tlf. 47375739\n
URL:https://landbrukskurs.no/kurs/grunnkurs-siderproduksjon/
CATEGORIES:Lokalmat, foredling og næringsmiddel,Næringsutvikling, entreprenørskap og reiseliv
LOCATION:Ulvik
ATTACH;FMTTYPE=image/png:https://landbrukskurs.no/wp-content/uploads/2022/10/heading.png
END:VEVENT
END:VCALENDAR
