BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv6.5.6//EN
X-ORIGINAL-URL:https://landbrukskurs.no/
X-WR-CALNAME:Landbrukskurs.no
X-WR-CALDESC:Korte kurs i landbruket
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-024d7f84fff11dd7e8d9c510137a2381@landbrukskurs.no
DTSTART:20261208T103000Z
DTEND:20261209T150000Z
DTSTAMP:20261125T142200Z
CREATED:20261125
LAST-MODIFIED:20261125
PRIORITY:5
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Kostnadskalkyle
DESCRIPTION:Kursinnhold\nHar du kontroll på kva produkta dine kostar å framstille?\nGode kalkylar gir betre kontroll, tryggare prissetting og gir grunnlag for planlagt lønnsam drift – også når kostnadene endrar seg.Råvarer, emballasje, straum, transport og arbeidstid. Kostnadene ved å produsere og selje lokalmat og drikke endrar seg stadig. Men veit du kva det betyr for lønnsemda i produkta dine om straumen går opp? Og veit du kva du må ta betalt for å sitje att med eit stort nok overskot?\nBygg eit kalkyleverktøy du kan bruke år etter årSaman med Viggo Johannessen lærer du ein systematisk metode for å fordele kostnadene på dei ulike produkta og produksjonsprosessane dine. Vi ser på råvarer og andre innsatsfaktorar, direkte og indirekte kostnader og arbeidstid. Målet er å finne den reelle kostnaden ved å produsere kvar enkelt vare.\nDu arbeider med eigne tal, tidlegare rekneskap, fakturaer og eksisterande produktkalkylar. Gjennom praktiske øvingar byggjer du opp eit rekneark der du kan justere prisar på innsatsfaktorane og sjå korleis dette påverkar kostnaden per produkteining og kva du må ta betalt.\nDu sit att med eit gjennomarbeidd kalkyleverktøy som du kan oppdatere og bruke vidare når råvareprisar, lønskostnader, emballasje, straum eller andre utgifter endrar seg.\nFrå kostnadskontroll til betre lønsemdEi god produktkalkyle handlar om meir enn å finne ein utsalspris. Ho gir deg eit betre grunnlag for å vurdere:\nKva kostar det faktisk å produsere kvar enkelt vare?Kva kostnader må fordelast på produkta, og kva er dei reelle indirekte kostnadene?Kva skjer med lønsemda når innsatsfaktorane aukar i pris?Kva pris må du ta for å sikre dekning for kostnadene og eit ønskt overskot?Kva produkt tener du pengar på – og kva produkt bør du kanskje vurdere på nytt?Kva betyr val av distribusjons- og salskanal for lønsemda?\nVi ser også på korleis kalkylane kan brukast aktivt i marknadsarbeidet. Prisfastsetjing handlar både om kostnader, kundar, marknad og kva verdi produktet ditt har i ulike situasjonar. Du får arbeide med ulike alternativ og vurdere korleis du best kan posisjonere produkta dine.\nEit verktøy for framtidaMålet er at du ikkje skal måtte starte på nytt kvar gong kostnadene endrar seg. Med gode grunnkalkylar og eit gjennomarbeidd rekneark kan du enkelt oppdatere føresetnadene, rekne ut nye kostnader og vurdere behovet for prisjusteringar.Du får betre oversikt, større tryggleik i møte med kundar og eit betre grunnlag for økonomiske avgjerder.\nTa med dine eigne tal – og reis heim med kalkylar og eit verktøy du kan bruke i den daglege drifta i mange år framover.Ta med egen PC med Excel – det går å bruke google sitt rekneark.Ta med prislister på de varene de kjøper inn.Samt reseptar på dei produkta du lagar (mengder og råvarer)Logg over arbeidstidRekneskap, driftsregnskap siste åra.\nVi ser også på samanhengen mellom produkt, pris, distribusjon og kommunikasjon – dei fire P-ane i marknadsføringa. Når du kjenner kostnadene dine og veit kva pris du må ta, blir det enklare å velje rett marknad, salskanalar og kommunikasjon for produkta dine.\nIkkje kopier det konkurrentane gjer. Ta utgangspunkt i kostnadsbildet, måla og vala til di eiga bedrift.\nVelkommen.\n \n
URL:https://landbrukskurs.no/kurs/kostnadskalkyle/
ORGANIZER;CN=Kompetansenettverk lokalmat:MAILTO:
CATEGORIES:Lokalmat, foredling og næringsmiddel,Næringsutvikling, entreprenørskap og reiseliv
LOCATION:Knarvik
ATTACH;FMTTYPE=image/jpeg:https://landbrukskurs.no/wp-content/uploads/2026/11/kompetansenettverk_lokalmat_logo-300x300-1.jpg
END:VEVENT
END:VCALENDAR
