
Autorisasjonskurs i bruk av plantevernmiddel, obligatorisk dag/ eksamensdag
Denne dagen er for yrkesdyrkarar som tek autorisasjonskurs for første gong. Det vil vere ein stor fordel om ein har gått kurs i regi av Norsk Landbruksrådgjeving Vest SA eller tilsvarande før ein kjem på denne obligatoriske dagen/ eksamensdagen. Kursdagen vert avslutta med autorisasjonseksamen.
Kursinnhald:
– Helserisiko ved bruk av plantevernmiddel
– Verneutstyr
– Tillaging og dosering av plantevernmiddel
– Funksjonstesting av sprøyteutstyr (demostrasjon)
Kursmateriell: Handtering og bruk av plantevernmidler, grunnbok (ISBN 9788252933710).
Kurslærar: Jostein Skår Støfring
Pris: 1800 kr. pr deltakar (inkl. lunsj og eksamensavgift)
Stad: Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo
Arrangør: Mo kurssenter v/Mo og Øyrane vidaregåande skule
Kursansvarleg: tlf.: 456 11 987
Påmeldingsfrist: 21.februar