Digital studiereise til tre ysteri – la deg inspirere av gardsysteri som deler sine erfaringar i møte med marknaden og vegval

Vi har invitert tre gardsysteri spredt rundt i Noreg til å inspirere  mjølkebønder og ysteri i Vestland kva mulegheiter det ligg i val av ulike forretningsidàr og strategi for drift av ysteri. Osteperler ved Jan Peter Aursnes gir deg råd med på vegen til korleis orientere seg kva marknaden etterspør og til avslutning får Kompetansenettverk Lokalmat Vest ved Aud Slettehaug fortelje deg korleis du kan nytte deg av nettverket ditt på vegen til din posisjon i marknaden.

Ragna Kronstad er engasjert til å ta praten med ysteria. Ho er utdanna agronom og journalist, og er styremedlem i Norsk Gardsost. Ho driv no besøksgarden Sørli gard for Oslo kommune og har tidlegare ysta på Kongsgården. Ho har mellom anna jobba i Noregs Bondelag, Økologisk Norge og Stiftelsen Norsk Mat (tidl. Matmerk).

Webinaret gir deg inspirasjon, innsikt og kunnskap om kva for
marknad og vegval som kan vere strategisk gode for ei berekraftig drift.

Målgruppa er mjølkebønder og gardsysteri i Vestland (fortrinnsvis).

 

PROGRAM

10:00 – 10:10
Velkomen – kva og kvifor?
Marit Hjortung, Statsforvaltaren i Vestland

10:10 – 10:20
Deltakarane får kort presentere kven dei er – namn, stad og produksjon

10:20 – 11:00
Samarbeid med kokk – produkt i HoReCa
Astrid Aasen, Gangstad Gårdsysteri – intervju – www.ysteri.no

11:00 – 11:40
Drift av gardsysteri og kafe med servering.
Korleis finne rett kanal for distribusjon av ostane?
Gro Hommo, LEGA – gardsysteri og bakeri – intervju – www.lega.no

11:40 – 12:15  LUNSJPAUSE

12:15 – 12:55
Prosessen og vegvala fram til ysteri – val av type ostar
Joar Hauge, Ryfylke Gardsysteri – intervju – www.ryfylkegardsysteri.no

12:55 – 13:35
Kva ostar treng marknaden? Kva bør vi gjere meir av utafor boksen?
Eit skarpt blikk og klar tale frå Jan Peter Aursnes, www.osteperler.no

13:35 – 13:45  BEINSTREKK

13:45 – 14:15
Korleis bruke nettverket ditt på vegen til din marknadsposisjon? Budsjett, målstyring og regelverk.
Aud Slettehaug, Kompetansenettverk Lokalmat Vest, www.mathåndverk.no

14:15 – 14:30
AVSLUTTING

Atterhald om evt endringar. 

Deltakaravgift: kr 359,- per bedrift.

MELD DEG PÅ HER

 

SAMARBEIDSPARTAR
Landbruksselskapet Sogn og Fjordane, utført av Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Vestland Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Samlinga er mellom anna finansiert av Vestland fylkeskommune.

Dato

17 nov 2022
Utløpte arrangementer

Tid

10:00 - 14:30

Lokal tid

  • Tidssone: America/New_York
  • Dato: 17 nov 2022
  • Tidspunkt 04:00 - 08:30

Stad

Teams
Nettbasert