Eigarskiftekurs
Vestland Bondelag inviterar til eigarskiftedag 22.mars 2023 på Thon Hotell Jølster på Skei. Kurset passar for begge generasjonane som er innvolvert i eigarskiftet.
Ei eigedomsoverdraging og eventuelt etterfølgjande pensjonering byr på store og små utfordringar både juridisk, skattemessig og personleg. Ein skal følgje lovverket samtidig som eige liv og gardens framtidige liv etter overdraginga skal planleggjast for ei best mogleg løysing for alle partar.
Det er advokat Jan Bangen frå Norges Bondelag som vil stå for det faglege innhaldet denne dagen.
Programmet:
Erfaring frå tidlegare kurs viser at deltakarar der fleire frå familien kjem saman opplever større utbytte av kurset. Vi oppmodar difor til at begge generasjonane deltek, gjerne med partnarar og søsken. Det er rabattert pris for deltakar nr 2, 3, osv. per familie. I tillegg får medlemmar* i Norges Bondelag ein fordel.
Prisar
Første pr familie – medlem Norges Bondelag kr 1000
Neste i same familie – medlem Norges Bondelag kr 500
Første pr familie – IKKJE medlem Norges Bondelag kr 1500
Neste i same familie – IKKJE medlem Norges Bondelag kr 1000
Ved spørsmål ta kontakt med Birgitte Bjaanes på tlf.: 41 56 57 58 eller birgitte.bjaanes@bondelaget.no