Lokal mjølk: Bedriftsnettverk for gardsysteri? Har du ambisjonar om innovasjon og vekst i samarbeid med andre ysteri?

Inspirasjon til etablering av nettverk med gardsysteri i Vestland

Vi har invitert Pål Knutsson Medhus frå Høve Støtt AS til å inspirere mjølkebønder og gardsysteri i Vestland om kva mulegheiter det ligg i å etablere eit nettverk av ysteri.

Målgruppa er mjølkebønder og gardsysteri i Vestland.

Pål K. Medhus er utdanna kokk, har drive restaurant, er oppteken av identitet, eigenart, kulturarv og dei gode historiane. Pål var med å etablere Ostebygda i Hallingdal, eit nettverk av åtte gardsysteri. Pål har fleire rollar og bidrar aktivt inn i nettverket.  www.ostebygda.no .

Webinaret vil gje deg inspirasjon, innsikt og kunnskap rundt det å etablere og drifte eit nettverk.

Vi tek ein kort presentasjonsrunde av deltakarane innleiingsvis, so får inspirator ein rask oversikt på kven som lyttar 🙂 

Punkt Pål vil vere innom i sitt innlegg;
*Korleis oppstod Ostebygda? Tal og type ysteri i nettverket?
*Kven er dei?
*Korleis har Ostebygda finansiert etablering og drift?
*Kva mål og strategiar er sett for Ostebygda?
*Kva forventingar har ysteria til nettverket og kva type aktivitetar
  har de prioritert? 
*Korleis bidreg bedriftene inn i nettverket?
*Korleis tenkjer dykk drift av nettverket når tilskot frå det offentlege
  tek slutt? 
*Per i dag kva resultat ser de av arbeidet utført i nettverket? 
*Eitt av ysteria stillar og fortel korleis dei opplever å vere ein del av
  eit nettverk og kva erfaringar har dei gjort seg (atterhald om
  kapasitet på ysteriet).

*Tid for spørsmål frå deltakarane.

Deltakaravgift: kr 210,- per bedrift.

SAMARBEIDSPARTAR
Landbruksselskapet Sogn og Fjordane, utført av Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Vestland Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Samlinga er mellom anna finansiert av Vestland fylkeskommune.

LES MEIR OG MELD DEG PÅ HER

Dato

12 okt 2022
Utløpte arrangementer

Tid

10:00 - 12:30

Lokal tid

  • Tidssone: America/New_York
  • Dato: 12 okt 2022
  • Tidspunkt 04:00 - 06:30

Stad

Teams
Nettbasert