Kalkyle – rekalkulere ved kostnadsauke
Velkommen til kalkylekurs, rekalkulering ved kostnadsauke.
Ved hjelp av tidlegare rekneskap, tidlegare produktkalkyler og dine inngåande faktura, medgått arbeidstid får du over to dagar hjelp og verktøy til å kalkulere ny pris på varene dine. I tillegg går vi gjennom markedsstrategi i forhold til å posisjonere deg i marknaden, der ein kan førebu endringar framover i tid. Distribusjonskanalen kan bli ein kostbar sak på toppen av prisauken ein står overfor – korleis nå målgruppa på alternative måtar.
Rekalkulering av kalkyler når faste kostnader springer løpsk er målsettinga for kurset. Dette er ein situasjon vi ikkje har har sett til no. Kalkylene vi hadde for produksjonskostnad og arbeid held ikkje lengre til å dekke faste kostnader og overskot. Kutte kostnader er ein strategi, auke prisen ein an. For å komme fram til rett strategi og nye kalkylar er det mange faktorar som må under lupa. Kurset brukar rekneark og du må ha driftsrekneskap for minst eit års drift og avslutta rekneskap 2021. For nystarta bedrifter kan de ta kontakt for interesse for kurs så set vi opp fleire.
Ynskjer du nærare informasjon om kurset ta kontakt med Aud Slettehaug, tlf. 47375739.
Tidspunkt : onsdag 24 – til torsdag 25 mai 2023 kl. 11.30 – 15.00.
Stad: Sandsli ved Flesland i Bergen. Møterom og stad kjem ved påmelding.
Produsenterfaring onsdag kveld – inspirasjonsforedrag og eit lite tøffheitskurs i forhandling.
Målsetting med kurset:
- nye kalkylar i rekneark, inndata oppsett slik at du kan legge inn prisjusteringar og bruke reknearket framover i tid under stadig endring i kostnader.
påmelding til aud.slettehaug@vlfk.no
Skjema for påmelding her.
Kursansvarlege
-
kalkyle
-
lokalmat
-
markedsstrategi
-
økonomi