Klimasamling på Voss
Kom i gang med klimaarbeidet på din gard.
Klimakalkulatoren er utvikla av og for landbruket og er eit hjelpemiddel for optimalisering av drifta. I travle og stressa tider kan det vere vanskeleg å prioritere å ta denne i bruk. Voss herad gjev difor 1000 kr i tilskot til bønder i heradet som tar i bruk klimakalkulatoren. I løpet av samlinga skal du få hjelp til å logge inn i klimakalkulatoren. Du får òg ein klimahandlingsplan som gjev deg oversyn over dei rette klimatiltaka på din gard. Gode klimatiltak bidreg til betre produksjon og lønsemd.
Det er bra for drifta og bra for miljøet!
Saman med Voss herad, Bondelaget, Tine og NLR Vest arrangerer klimaprosjektet «Redusert klimaavtrykk frå Vestlandsjordbruket» klimasamling for bønder på Voss Kulturhus 8. oktober.
Pris: 2000 kr
Heile beløpet vert refundert gjennom RMP etter søknad.
I tillegg får du som bur i Voss herad 1000 kr i tilskot frå heradet for innlogging i klimakalkulatoren
Varm lunsj
Meld deg på her: https://response.questback.com/norgesbondelagbondelagetsse/qxzklnbd6q
