Nybegynnarkurs for fruktdyrkarar
Kurset går i perioden 9. januar til 13. februar. Det vert først 4 kveldar med økter på ca. 2,5 time, med oppstart kl. 19.00. Den 5. kvelden vert det lagt opp til 4 timar med oppstart kl. 17.00, men då inndelt på kultur. Kurset vert halde via Teams, og dei ulike kveldane er delt inn i fylgjande tema:
9. januar kl. 19.00 – 21:30
Time 1: Introduksjon, presentasjon av deltakarane, årshjul for fruktdyrking, arbeidstoppar, økonomi, forventningar til lønnsemd
Time 2: Val av felt, plassering, førebuing av arealet, sortsval, plantebestilling, trong for arbeidshjelp, utstyrstrong, kurstrong
…
16. januar kl. 19.00 – 21:30
Time 1: Plantearbeidet og tiltak før planting, kalking, gjødsling, stell i planteåret, trong for vatning og gjødsling
Time 2: Haustetidsprøvar, kvalitetskrav, hausteteknikk, trong for arbeidskraft
…
23. januar kl. 19.00 – 21:30
Time 1: Grunnleggjande om skadegjerarar, kva er insekt, midd, sopp, virus, bakteriar, ugras. Korleis virkar plantevernmiddel
Time 2: Sprøyteteknikk, val av utstyr, riktig innstilling, dekningsgrad, osb.
…
30. januar kl. 19.00 – 21:30
Skjering og tynning – grunnleggjande om tre, forming, reaksjonar i treet, trong for tynning, handtynning, kjemisk tynning
…
13.februar kl. 17.00 – 21:00
Plantevern
- Time 1: Eple – viktigste skadegjørere, andre ting som er spesifikt for eple
- Time 2: Pære – som for eple
- Time 3: Plomme – som for eple
- Time 4: Morell – som for eple
Pris: 2500 kr for medlem, 3500 kr for ikkje-medlemar.