Fagsamling frukt- og bærvin, Vingarden på Jølst
Velkommen til fagsamling i frukt- og bærvin på Vingarden på Jølst.
Om Vingarden på Jølst
Camilla Aasen starta Vestavin i 2019, og i 2021 fekk ho kjøpt seg eige gardsbruk som no er under oppbygging som Vingarden på Jølst. Ho har ein småskala fruktvinproduksjon og driv prøveproduksjonar, produktlandseringar og utviklar nye vinar i takt med tilgang på råvarer. Garden ligg langs E39 ved Årdalen i Jølster og er lett å finne ved å følgje skiltinga til Hanen.no.
Om fagsamlinga:
Fagdagen har som målsetting å gi deg oversikt over fagområdet vin av norsk frukt og bær, både med og utan alkohol. Råvarekvalitet, det å sette vin på frukt og bær i forhold til vin av druer er to ulike, men tett forbundne teknologiar, og det å jobbe utanfor drua opnar både for nye utfordringar og nye moglegheiter. Dette får du lære litt om, samt at vi utvekslar erfaringar og smakar på eit breidt spekter av moderne nordisk fruktvin. Camilla deler også av sine erfaringar frå utvikling og produksjon av Vestavin, med eksperiment, feil andre kan lære av og det viktigaste innan regelverka som gjeld.
Fagsamlinga gir deg oversikt over fagområde innan fruktvin, råvarer, metodar og moglegheitene. Vi kjem inn på grunnleggande produksjonsmetodar og analyseteknikkar av fruktvin. Gjennom smaking ser vi, luktar og bedømmer nordiske fruktvinar. Camilla viser fram sin oppstart, testing og utvikling på Vingarden på Jølst under merkenamnet Vestavin. Fagdagane er for deg som ynskjer å utforske kva som er mogleg å få til og å komme i gang med frukt og eller bær som fruktvin eller alkoholfrie drikkevarer.
Påmelding til: paamelding.sjh@vlfk.no
Pris kr. 2000,- dekker samking, måltid og overnatting på garden, dersom du ynskjer overnatting på Skei Hotell ordnar du det ved å bestille rom under kode og betalar for overnatting og fruksot i tillegg.
Jølster, Vingarden på Jølst
Jølstravegen 2380, 6843 Skei
Program:
Dag 1
Kl. 11 oppstart, introduksjon og første smaking
Råvarene
Kl. 13 Lunsj
Frukt, most, fruktvin: kjemi og kvalitet
smaking
Introduksjon til produksjonsmetodar
Kl. 18 Middag, diskusjon og erfaringsutveksling.
Dag 2: Metodane og verktøya – fruktvin i praksis
Kl. 08.00 Frukost, Døme: oppstart, testproduksjon og utvikling Vestavin
Praktisk fruktvin del 1
Kaffipause
Praktisk fruktvin del 2
Regelverk
Marknaden, Moglegheiter
Lunsj og avslutning
14.30 Avreise frå Vingarden