Grunnmodul foredling mjølk med Yves Gaüzere og Pascale Baudonnel

Velkommen til grunnmodul foredling mjølk. 

21-26 mai 2023

Kremost, Kvitmuggost, blåmuggost, halvfastost og fastost. Kurset går over ei heil veke der ein ystar på føremiddagen og har teori om ettermiddagen. 

Kurset krev forkunnskaper.

Ystelærar frå Frankrike, Yves Gaüzere. Han er til dagleg lærar på Enilbio, ein av fem franske ystehøgskular. Enilbio ligg i Poligny som er regionen der osten Comté vert laga. 

Yves er også fagleg ansvarleg for kollegiet av gardsostrettleiarar i Frankrike. Pascale Baudonnel vil oversette under kurset. I Ysteboka er fotnote Gaüzere ofte brukt. No får du lære direkte får han. 

Yves Gaüzere er ein ettertraktar ystelærar som får gode skusmål for å vere ein dyktig pedagog. 

For å delta på dette kurset må du minst ha innføringskurs, det vil vere ein stor fordel om du også har praktisk ysteerfaring. Du melder deg på til paamelding.sjh@vlfk.no Skriv om deg sjølv og kvifor du søker plass på kurset. 

Påmelding snarast og seinast innan 10. april 2023

Ankomst og presentasjon søndag 21. mai. Dei neste dagane vil vi yste og ha teori om ostane i denne rekkefølga: måndag kremost, så kvitmuggost, blåmuggost, halvfast ost og til slutt fastost fredag 26 mai. 

Stad: Ysteriet ved Sogn Jord- og Hagebrukskule, Aurland.

Dato

21 - 26 mai 2023
Utløpte arrangementer

Tid

18:00 - 18:00

Lokal tid

  • Tidssone: America/New_York
  • Dato: 21 - 26 mai 2023
  • Tidspunkt 12:00 - 12:00

Stad

Aurland
Sogn Jord- og Hagebruksskule
Nettsted
https://sjh.no/aktivitet/innforingskurs-i-ysting-4/