Hotellsamling med økonomi- og klimafokus

Denne sommaren har vestlandsbonden verkeleg fått kjenne korleis vêr og klima spelar inn på produksjonen på gardane. Vått vêr gjer det tilnærma umogleg å slå på rett tidspunkt, og bakkane lir under traktordekka. Denne sesongen er det lite å gjere noko med, men er du og drifta di rusta for framtida?

Landbruksråd Vest, saman med Berekraftsfondet og Vestland Bondelag inviterer til

Hotellsamling med økonomi- og klimafokus

23.-24. september

På Scandic Sunnfjord hotell & spa, Førde

Vi inviterer deg og partnaren din til hotellsamling med økonomi- og klimafokus. På flotte Scandic Sunnfjord skal vi både kose oss og lade batteria, samstundes som vi går gjennom klimakalkulatoren og lagar ein klimahandlingsplan som gjer deg konkrete råd om kva som kan gjerast på din gard.

Hotellet har basseng og treningsrom. I tillegg er det eigen spa-avdeling der ein kan tinge forskjellige behandlingar og nyte eit eiget relax-område.

Fredag 23. september

 

Kl. 11.00 – 11.30

Oppmøte og registrering

Kl. 11.30 -12.30

Lunsj

Kl. 12.30 – 13.00

Opning ved Spydspissbonde Geir Støfring: Mine erfaringar frå eigen gard.

Kl. 13.00 – 13.30

Dataregistrering på garden, ved Agrilogg 

Kl. 13.30 – 13.50

Introduksjon til fagleg program ved rådgjevarar frå NLR Vest og TINE

Presentasjon av deltakarane i grupper

Kl. 13.50 – 14.00

Pause

Kl. 14.00 – 15.30

Introduksjon til Klimakalkulatoren.

Psykisk helse: Lever ein med klimaskam i landbruket? Ved HMS-rådgjevar Kolbjørn Taklo frå NLR Vest

Kl. 15.30 – 15.45

Pause

Kl. 15.45 – 17.15

Klimatiltak på garden.

Økonomiske utrekningar. Er klimatiltak god økonomi?

Introduksjon til Klimahandlingsplan og RMP-tilskot  

Kl. 17.15 – 17.30

Oppsummering

Kl. 17.30-19.30

Eigentid/bad/spa/+++

Kl. 19.30

Middag

 Laurdag 24. september

 

Kl. 7.30 – 8.30

Frukost

Kl. 8.30 – 10.00

Fortsetting Klimatiltak

Foredrag: analyse/case av tiltak hjå ein bonde.

Gruppearbeid

Kl. 10.00 -10.30

Pause og utsjekk

Kl. 10.30- 12.00

Utarbeiding av Klimahandlingsplan

Kl. 12.00 – 12.15

Pause

Kl. 12.15 – 13.00

Oppsummering og avslutning

Kl. 13.00 – 14.00

Lunsj

Praktiske opplysningar:

I løpet av samlinga vil deltakarane logge seg på klimakalkulatoren, få klimarådgjeving og ein godkjent klimahandlingsplan for sin gard. Godkjente klimarådgjevarar frå NLR og TINE er med på heile samlinga.

Rådgjevinga er i grupper og enkeltvis.

Ta med PC eller nettbrett, og Bank-ID for innlogging.

Målgruppa er bønder innan alle produksjonar, gjerne med partnar.

Pris:

Samlinga er sponsa av Landbruksråd Vest og Gjensidige og Bondelagets Berekraftfond. Vestland Bondelag sponsar sine medlemer med 500 kr. Prisen for hotellopphaldet vert difor låg. Deltakarane må betale for klimarådgjeving og handlingsplan, men får pengane tilbake gjennom ein søknad til Regionalt miljøprogram (RMP). De vil få god informasjon om dette på samlinga.        

500 kr for medlemer i Vestland Bondelag

1000 kr for ikkje-medlemer

I tillegg kjem 2000 kr per gardsbruk for klimarådgjeving og handlingsplan som vert fakturert i etterkant. Ein får desse pengane tilbake gjennom ein søknad til Regionalt Miljøprogram (RMP).

Bindande påmelding innan 8. september

 

Lenke til påmelding

Dato

23 - 24 sep 2022
Utløpte arrangementer

Tid

11:00 - 14:00

Lokal tid

  • Tidssone: America/New_York
  • Dato: 23 - 24 sep 2022
  • Tidspunkt 05:00 - 08:00

Stad

Scandic Sunnfjord hotell & spa
Førde
Nettsted
https://www.scandichotels.no/hotell/norge/forde/scandic-sunnfjord-hotel-og-spa