Inspirasjonskonferanse
I Ålfoten i Nordfjord blir det laurdag 18.mars ein inspirasjonskonferanse.
Konferansen er open for absolutt alle som ynskjer å delta, men hovudmålgruppa er dei som har ein gard dei ynskjer å videreutvikle. Vi håpar det kjem folk frå heile Nordfjord og Sunnfjord, men som sagt er ALLE hjarteleg velkomne. Det gjeld og dei som ikkje har ein gard, men som likevel ynskjer å få med seg foredraga.
Temaet er kva moglegheiter ein har utover tradisjonelt jordbruk. Då t.d gardsturisme, utvikling av nisjeprodukt, produksjon av mat eller drikke, overnatting, kreative påfunn og løysingar, osv.
Føredragshaldarar:
Vestland Fylkeskommune
Humørbonden
Birdbox by Livit
Påldtun
Gardsbrenneriet
Sølvane Gard
Nordfjordsmak
Påmelding innan 11.03 til inspirasjonskonferansen@gmail.com . Meld ifrå om evt allergiar.
Deltakaravgift: Kr. 200,- pr.pers inkludert lunsj.
BLI INSPIRERT – BLI MED!
Takk til Vestland Fylkeskommune for delfinansiering av konferansen.
Følg oss på facebook: Inspirasjonskonferansen