Inspirasjonskveld for damer
Tysdag 26. november inviteres alle damer i Vossaregionen til ein inspirasjonskveld der ein ser på mogelegheitene til å utnytte ressursane som er både på innmark og utmark. Me får høyre frå driftige damer om kva dei har fått til, og korleis dei driv næringsutvikling ved hjelp av landbrukseigedommen sin, både om den er liten eller stor.
Arrangementet blir i Gamlekinoen på Vossavangen og blir på kveldstid. Det blir servering og difor 18 års aldersgrense.
Begrensa med plassar.
Billettar kan kjøpast her: https://zubarus.com/signup.php?eventId=5331
Program:
Kvinner i Skogbruket/Skogselskapet/Vestland Bondelag
Velkommen til kveldens arrangement
Voss Næringshage
Rådgjevingstenesta i Vossaregionen
Pascale Baudonnel – Ostedronninga
Osten, og sjølvforsynt frå småbruk i Ytre Sogn
Sigrid Henjum – Småbarnsmor og småbrukar i Songdalsdalen
Sjølvforsynt frå småbruk i Indre Sogn
Pause 19.30-20.15
Servering av:
Spekeskinke frå Selheim Gard
Spekeskinke, coppaskinke, fenalår, salami og fårepølse frå Voss Gardsmat
Flatbrød frå Mosstovo Bakst frå Folkedal i Granvin
Rømme og smør frå Aud Jensen frå Gjervalg Gard på Voss
Eggerøre og potetsalat frå Kveik
Gaudaost frå Feios i Vik
Mousserande alkoholfri eplesider frå Lekve gard
Blaana alkoholfri sider frå Åkre Gard
Sider frå Ølmheim gard frå Slinda
Sigrid Ølmheim – Ølmheim Siderhage
Frukta som blir servert på flaske
Mathilde Buch – Bøtun Gård
Økologisk grønsaksdyrking i Luster