Kappekurs i Fjaler
Kom på skogdag med fokus på årets kappereglementet for levering av tømmer til lokale tømmerkjøparar.
Kommunen vil truleg delta (ventar bekrefting) for å snakke om tilskotsmogelegheiter i skogbruket i Fjaler.
Arnt Laukeland vil delta for å snakke om kappereglementet når ein driv sjølvhogst.
Når ein skal hogge tømmer sjølv må ein vere oppdatert på kappereglementet med kravspesifikasjonane. Instruktør går gjennom alle krav til sagtømmer og massevirke.
Skal du hogge skog for levering bør du bli med denne dagen
Adressa er: Straumsnesvegen 55, 6969 Fjaler