Kurs: Berekraftige matsystem – Vestland
Nytt kurs frå NMBU!
Matproduksjonen står framfor store utfordringar. For å sikre framtidig matsikkerheit må vi utnytte ressursane smart, redusere matsvinn og tilpasse oss klimaendringar og internasjonale utviklingstrekk.
NMBU, Sogn Kompetanse og StudieHub – Fjordane Studiesenter planlegg å gjennomføre to variantar av dette kurset i Vestland våren 2026.
Informasjonsmøte
📅 Måndag 29. september kl. 13.00–13.45 (digitalt)
👉 Meld deg på informasjonsmøtet her
👉 Meld interesse for å delta på sjølve kurset her.
Målgruppe
Kurset er aktuelt for alle som arbeider i eller med eit matsystem, til dømes:
-
bønder
-
foredlarar og vidareforedlarar
-
rådgjevarar og landbruksorganisasjonar
-
samvirke, grossistar og distributørar
-
avfallshandtering
-
offentleg sektor (institusjonar/kantiner/forvaltning)
-
studentar
Deltakarar frå Vestland vil bli prioriterte, men kurset er ope for alle.
Kursinnhald
Kurset gir ei innføring i korleis matsystem fungerer, med døme frå Vestland. Deltakarane vil lære å:
-
forstå samanhengen mellom lokale, nasjonale og internasjonale matsystem
-
vurdere kva som gjer eit matsystem berekraftig
-
dokumentere berekraft og analysere indikatorar
-
identifisere samspel og motsetningar i matsystema
-
utvikle løysingar for meir berekraftig matproduksjon
Arbeidet skjer i tverrfaglege grupper som studerer og redesignar lokale matsystem.
Gjennomføring
-
Fysiske samlingar:
-
26.–28. januar 2026, Sogn Kompetanse
-
3.–5. februar 2026, Fjordane Studiesenter
-
-
Digitale samlingar:
-
12. februar, 3. mars og 17. mars (kl. 13–16)
-
-
Eksamen: Leveringsfrist 15. april 2026 (valfri, gruppeoppgåve)
Totalt ca. 125 timar arbeid. Det er krav om minst 80 % deltaking.
Praktisk informasjon
-
Studiepoeng: 5 (NMBU)
-
Ansvarleg: Førsteamanuensis Hanne Fjerdingby Olsen, NMBU
-
Krav: Generell studiekompetanse eller realkompetanse (25 år + erfaring)
-
Kursavgift: Dekker undervisning, eksamen, lunsj og noko litteratur/programvare. Reise og overnatting kjem i tillegg.
Kurset er utvikla med støtte frå Vestland fylkeskommune i samarbeid med NMBU, Sogn Kompetanse og StudieHub – Fjordane Studiesenter.

