Kurs i arbeidskøyring med hest
Kurs i allsidig arbeidskøyring med hest. Kurset gir grundig innføring i puss og pleie av hest og utstyr, køyreteknikk, sikker handtering og sikkerheit når ein brukar hest.
Alle hesteinteresserte kan melde seg på kurset. Nivået er nybyrjarar (nedre grense på om lag 14 år). Det er likevel ein fordel at deltakarane har litt kjennskap til korleis ein styrer ein hest.
Det blir fokus på diverse køyredoningar til hest, så blir det lagt opp til at vi tar ei økt med skogskøyring der alle får prøve seg i lunning av lett skogsvirke eller ved.
Dato og klokkeslett:
Laurdag 25.januar kl.09.00-14.00
Sundag 26.januar kl.09.00-14.00
På kurset nyttar ein seg av skulen sine godt vande hestar.
Det er Harald Løtuft som er kursinstruktør.
Stad: Førde vidaregåande skule, avdeling Mo
Pris: 2900 kr pr. deltakar
Plassar: 8 stk
Arrangør: Mo kurssenter ved Førde vidaregåande skule
Kursansvarleg: Elisabeth Vintermyr, e-post: elisabeth.vintermyr@vlfk.no tlf.: 456 11 987
Påmeldingsfrist: 16.januar
Trykk her for påmelding til kurs
