Kurs i ungskogpleie i Sunnfjord

Skogselskapet arrangerer eit grunnkurs i ungskogpleie med motorryddesag på Mo i Sunnfjord torsdag 25. september.
Kurset er eigna for skogeigarar og personar som ynskjer å arbeide med ungskogpleie.
Kursdagen startar innandørs kl 09, og etter lunsj reiser ein ut for å demonstrere og prøve seg med ryddesaga. Kurset er ferdig omlag kl 15.00.

Etter kurset skal ein kunne:
-Ta eigne vurderingar om ungskogen bør stellast
-Sjå og utføre tiltak som skal gjerast for å skjøtte skogen best mogeleg
-Ta evt. miljøomsyn ved arbeid i skogen
-Arbeide med motorryddesag på ein forsvarleg og god måte
-Lære god arbeidsteknikk med motorryddesag
 
Skogselskapet tek med besin og har hjelm, motorryddesag og sele til utlån om det er behov for det.
Hugs gode sko og klede til å arbeide ute i.

Dato

25 sep 2025
Utløpte arrangementer

Tid

09:00 - 15:00

Lokal tid

  • Tidssone: America/New_York
  • Dato: 25 sep 2025
  • Tidspunkt 03:00 - 09:00
Kategori