Pommelier // fagdag – med Gabe Cook
Cider er på frammarsj både globalt og i Noreg. Talet på produsentar og utvalet av produkt aukar, og norsk cider har hatt ein kraftig auke på Vinmonopolet siste åra. Sjølv om tradisjonell eplecider og fruktvin har lange tradisjonar på Vestlandet, er Noreg likevel ein ung nasjon på dette området. Kurset skal utvikla kompetansen din om cider og fruktvin.
Innhald: Smaking på cider, om råvarene/ eplesortane, gjærtypane, framstillingsteknikkane, kategoriane. Fagdagen gir ein innføring i språket vi brukar for å formidle opplevinga av drikken. Sogn Ciderakademi – kan sjå dagens lys i etterkant og blir ein kunnskapsbasert møteplass først og fremst i Sogn, men også for interesserte elles i landet.
Kursleiar: The Ciderologist» Gabe Cook, Beer& Cider Academy, London