Sertifiseringskurs i brannsikring ved varme arbeid – Balestrand
Det kan lett bli brann når du brukar vinkelslipar og sveise- eller skjæreutstyr. Om du utfører slikt arbeid må du ha god innsikt i brannrisiko, slik at du kan gjere arbeidet med minst mogleg brannfare.
Forsikringsselskapa stiller krav til sertifisering for å kunne utføre varme arbeid. Dette gjeld også for deg som bonde, og for brannvakt.
Sertifikatet må fornyast etter 5 år.
Innhald i kurset:
- Sertifiseringsordninga
- Regelverk og sikkerhetsforskrift
- Sjekkliste for varme arbeid
- Brann og sløkkjeteori
- Fare og risiko ved varme arbeid
- Praktisk sløkkjeøving
- Eksamen
Lunsj og kaffi
Lærebok vert sendt ut digitalt før kurset, og arbeidshefte delt ut ved kursstart. Begge deler kan nyttast ved eksamen.
Digitalt sertifikat er tilgjengeleg ved bestått eksamen
Meld frå til kurshaldar om matallergiar eller lesvanskar, så legg vi til rette så godt vi kan.
Påmelding:
online3.superoffice.com/Cust26758/CS/scripts/customer.fcgi?action=formFrame&formId=F-eDIaJ7Nr
Prisar:
Kr 2500,- for medlem
Kr 3750,- for ikkje-medlem
Kr 2000,- for medlem med HMS-avtale