SNOP – Business Model Canvas
Få hjelp til å lage forretningsplan!
Det er du som ber på draumen! For at forretningsplanen din skal finne vegen til papiret, er det du sjølv som må setje ord på draumen din. Men vi kan hjelpe deg å setje den inn i ordna former slik at du kan formidle den på best mogleg måte, for at andre skal forstå deg rett.
«Kven er desse «andre» som skal lese forretningsplanen min?», lurer du kanskje på… Forretningsplanen er jo mest til eige bruk, eit styringsdokument som hjelper deg å halde stø kurs mot målet. Men det er og eit dokument som fortel andre kva idear du har og korleis du har tenkt å realisere dei. Dersom det inngår investeringar i bygg eller maskiner i planane dine, treng du kanskje tilskot og lån for å kunne realisere dei. Då vil gjerne saksbehandlar i Innovasjon Norge, kommune og bank lese forretningsplanen din. Ein forretningsplan styrkjer moglegheitene dine når du skal:
- Søkje byggjeløyve
- Få lån til investeringar
- Søkje tilskot
- Oppnå suksess
SNOP-kurs er ein rådgjevingsmetode der vi hjelper deg å utvikle ei næring på garden din, og optimalisere økonomien i denne, ved å lage ein komplett forretningsplan. Forretningsplanen er ei samling av dei opplysningane du treng for å vite kva du skal bruke tida, kreftene og pengane dine på, i utviklingfase og drift. Innovasjon Norge, og andre instansar, spør etter desse opplysningane dersom du søkjer tilskot og lån til investering i tilleggsnæring, sjølv om dei kanskje ikkje kallar det forretningsplan lengre.
I åra 2012 til 2019 var SNOP-kurset eit årleg kurs som gjekk over 12 heile kursdagar, delvis finansiert av Statsforvaltaren og Hordaland Fylkeskommune. I 2020 fekk vi ikkje lengre finansiering frå det offentlege. Då valde vi å gjere kurset 100 % digitalt, for at kurset skulle bli billegare for bøndene å delta på. I 2021 vart det ikkje SNOP-kurs, då vi på grunn av Covid-19 måtte prioritere andre arbeidsoppgåver.
No vert det nytt SNOP-kurs!
Innhald i SNOP 2022:
Del 1: Ressursanalyse (video)
Del 2: Visjon og forretningside (video)
Del 3: Forretningsmodell (webinar/Teams)
- Business Model Canvas
- Vegen frå nosituasjon til ønskt situasjon
Del 4: Målsetting (video)
Del 5: Handlingsplanar (video)
Del 6: Økonomi og budsjett (Webinar/Teams)
- Grunnleggjande foretaksøkonomi
- Praktisk budsjettarbeid
Oppfølging, driftsplan og personleg oppfølging i samband med forretningsplan og søknader er ikkje inkludert i kurset, men vert tilbydd til timepris.
Les om eit tidlegare SNOP-kurs i Bondevennen
Her er det du kan velje i:
Heile kurset
Då får du tilsendt lenker til videoførelesingane, og får vere med på dei fire kursdagane om forretningsmodell og økonomi, som vist under.
Pris: kr 3900 (medlem)/kr 5800 (andre)
Meld deg på heile kurset her
Berre del 3 (forretningsmodell)
To kursdagar på Teams
- 3. november kl. 17:00-20:00: Vegen frå nosituasjon til ønskt situasjon
- 10. november kl. 17:00-20:00: Business Model Canvas v/rådgjevar frå Innovasjon Norge
Pris: kr 2000 (medlem)/kr 3000 (andre)
Meld deg på berre forretningsmodelldelen her
Berre del 6 (økonomi)
- 17. november kl. 17:00-20:00: Grunnleggjande foretaksøkonomi
- 24. november kl. 17:00-20:00: Praktisk budsjettarbeid
Pris: kr 2000 (medlem)/kr 3000 (andre)
Meld deg på berre økonomidelen her