Sveisekurs (kveldskurs)
Kurset gir grunnleggjande opplæring i bruk av ulikt sveiseverktøy, og det er lagt opp med mykje praksis i samanføying av ulike typar stål. Gjennomført kurs gir kursbevis for dokumentert opplæring i bruk av sveiseutstyr etter § 10-2 dokumentert sikkerheitsopplæring (ikkje sertifikat).
Kurset har dette innhaldet:
– Sveising med elektrode, mag, tig og rørtrådsveising
– Sveising med elektrode, mag, tig og rørtrådsveising
– Skjerebrennar (oksygen/acetylen)
– Teori omkring HMS og metodar for samanføying
Dato og klokkeslett:
Kurset er på fire kveldar, kvar måndag i fire veker frå oppstart 28.oktober.
– 28.oktober kl.17.00-20.00
– 4.november kl.17.00-20.00
– 11.november kl.17.00-20.00
– 18.november kl.17.00-20.00
Kurset krev arbeidsklede som består av bomullskjeledress eller anna arbeidstøy av ikkje brennbart materiale og vernesko.
Stad: Førde vidaregående skule, avdeling Øyrane
Pris: 3400 kr pr. deltakar
Plassar: Maks 8 deltakarar
Kurslærar: Rolf Helge Myren
Arrangør: Mo kurssenter ved Førde vidaregåande skule
Kursansvarleg: Elisabeth Vintermyr, e-post: elisabeth.vintermyr@vlfk.no tlf.: 456 11 987